Eigentleg skulle dette innlegget handle om kor kosleg eg hadde det på besøk hos Maria på søndag og om den strabasiøse ferda heim frå Hamar, midt i eit ras. Men eg vart litt ivrig istad, då Ragnhild og eg prøvde å lokke Ingrid med ut for å rulle. Ragnhild brukte makt, og eg cyberspace. Sammen er vi dynamitt for Ingrid blei med (I den beste rulle-bakken eg har møtt.) Så då lova eg ho eit innlegg.:
Det var full rulle og me vart passleg kvalme. Jippi!
(her hadde det gjort seg med eit bilete, men me tok ingen)
No er eg full i gras og klør sånn på armane at det einaste som freistar er ein dusj. Tippar på at Ingrid-Allergi klør meir enn meg. Uansett det var super gøy og du er hjartleg velkommen til å bli med neste gong!
Ps: På Toneheim hadde de det nesten like kosleg og fint som oss. Maria var komt med i både Storband, brass og jantisjar. Flinke Maria!
Ha ein super kveld!
Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar