No skal eg snart reisa og den siste veka har vore ganske full av hadetbra. Veldig koslig og litt trist, men ser jo alle igjen i løpet av året, så det går ok- for det er litt trist at me skal mista jamnleg kontakt i kvardagen. I helga var eg ein tur for å smaka på hybel tilværelsen til Johanne, Oda og Ida. Sola skein og det var superkosleg veldig kjekt og litt slitsamt å trø på høgehælar rundt i byn på kveldstid, men eg skal ikkje klaga, dei har fadderveka denne veka og er sikkert rimleg utslitte og nøgde no! Her kjem bilete:
Kan du si ha?
Kan du si ha-det?
Kan du si ha-det?
Kan du si ha-det-bra?
Nå skal vi gå,
så hadebra,
nå skal vi gå,
så hadebra,
men vi,
ses snart igjen,
så hadebra,
og takk for nå..
Søt sang som me lærte på musikkterapien i vår.
Søndag ettermiddag rakk eg ein liten tur innom elektrogården for å få ein oppdatering av storesøster si helg før det bar på jobb kl 15. Sola skein og livet var hærleg! Heile gjengen sat ute i sola og me spela skomakergata lotto og spiste is som Zahrguna spanderte sidan ho hadde siste arbeidsdag. (Verdas søtaste lærling!) Eg kjem til å sakna gjengen frå jobb, dei er hærlege, spessielt på slike fine dagar. <3
Ha ei super helg!
Ma-le-na

1 kommentar:
Hei Malena!
Har nettopp lese bloggen din, og må få ønska deg lykke til når du skal reise til Gjøvik og folkehøgskole. Eg er sikker på at du får eit fantastisk flott år, for du er ein fantastisk flott og god jente! Kos deg!
Anne Beate :)
Legg inn en kommentar