No er det faktisk over for min del. Eg har vore på min siste skulekorpstur, ferien har allereie vart lenge nok til at eg har fått sett 18 episodar med Glee og eg har endeleg tid til å rydda på rommet. (Tid er ikkje synonymt med lyst.) I dag kom siste eksamenskarakter, inn i skolearena og musikk i perspektiv avslutta mi tid på Stord Vidaregåande skule. Litt merkeleg og trist, men og veldig spennande! No må eg berre bestemma meg for kva eg skal bli når eg blir stor...
Eigentleg så føler eg at eg har bestemt meg litt, men eigentleg ikkje. Fordi eg endrar meining heile tida. Men først må eg jobba i 7 veker og så skal eg gå på Viken i nesten eit år og så må eg bestemma meg. Spennande, mamma, som einaste lesar, du har lov å uttala deg viss du vil. Vinglepetter er ikkje særleg glad i å beslutta ting på eigahand.
Eigentleg så skal eg jo liksom vera så sakleg og intressan heile tida, men så har eg mest lyst å fortelja deg litt om turen me var på i helga fordi den var knall-kjekk og:
-Eg fekk dela ei flytemadrass utan luft med eit snorkande murmeldyr. Dette gjorde at eg fann fram djølvdisiplin eg ikkje visste eg hadde. (Ja, eigentleg draumde eg om å opna luftvegane hans med ein kniv.)
-Me fekk springa 2 timar rundt i ein mørk "labyrint"-sak og skyta på kvarandre med laser. (Ja eg er liksom passifist, men laser gjer ikkje vondt eingong så, hurra)
-òg me spela ein veldig bra konsert som enda i 2. plass i NM. Så kan du leggja til at me fekk høyra ein super festkonsert og handla på Fretex perfekt oppskrift på ein siste skulekorpstur. Eg kjem til å sakna gjengen og stemninga.<3
Ha ei fin veka!
2 kommentarer:
Eg lese og bloggen din søte Malena <3
Trine
Eg og! ein gong i blant.. :)
Legg inn en kommentar