Eg fekk ein sånn søt pakke i dag (tusen takk!), ein slik pakke som gjer at ein forstår at ein snart skal flytta, eit godt stykke vekk i frå alle venane sine. Då forstod eg det, litt i alle fall, at eg snart skal reise til Gjøvik og bu der i 9 månadar. Missforstå meg rett, eg gledar meg veldig, (og gruar meg pittelitt), det vert nok spennande kjekt, sosialt og lærerikt! Jippi! Eg gler meg veldig! Men i dag var første gong eg kjende på at det vert litt trist å reisa i frå alle dei koslige folka som eg likar så godt å vere med her heime. For tru det eller ei, ikkje alle skal reise her i frå.
Dette blei personlegbloggen, i neste innlegg skal eg vere skikkeleg artig, eller interiøraktig, for me skal på Ikea på Torsdag! Uansett. Nytt fjes på bloggen, det er første skrittet ut mot folkehøgskulelivet. Bloggen gjer seg klar til vekentlige oppdateringar og kvardagen i folkehøgskulebobla. Håpar du likar jelly beans og forteljingar frå den nye kvardagen min som snart kjem! Gler meg til å halda deg oppdatert!
Ps, få deg jobb i vernabustad, eg må snart slutta og kosligare jobb skal du leita lenge etter, dei kjem eg òg til å sakna veldig! <3 psx2 god tolmodighet sa du?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar