Sider

Eksamensnerver

OMG. Ja eg sa det. Fyttigrisen, no er det berre 11 timar til eg skal ha skriftleg eksamen i musikk i perspektiv. Eg kan ikkje mykje meir enn deg mamma, (som den einaste blogglesaren min)og du har ikkje hatt MiP i to år. Missforstå meg rett, me har hatt Einar begge åra, kanskje verdas søtaste og mest vellvillige lærar. Han har prøvd å læra meg noko, men, eg har ikkje tatt det til meg. Før tenkte eg alltid stakkar Einar for at me ikkje føl med. No tenker eg eigentlig berre stakkar meg. Men eg satsar på å overleve morgondagen, og når den er forbi er det forhåpentlegvis berre ein eksamen igjen. Ikkje det at eg kvir meg noko mindre til eksamenskonserten, men eg har i allefall vore i denne verda når eg har øvd inn repetoaret. No kryssar eg alle fingrar for at "det ordnar seg for snille jenter!" Så kjem det nok eit litt meir positivt og oppløftande innlegg eingong i neste veke.
Piz ut!

1 kommentar:

Mari sa...

Lykke te! Da der klare du fint. Tenk på kor deiligt da e når da e øvestått, og ikkje minst sommarferie! Eg og lese bloggen din faktisk.
-Søs