
Okay så spela ikkje Big Bang smiling for når me var i Kongeparken 2. helga i Mai, men de spela alle andre god-låtane som me kan utenat! Ja den konserten var heilt fantastisk! Dersom du legg til konsert med Datarock, Donkeyboy, Minor Majority (eg, Trine og Marte fekk klem frå bassisten!) + ein masse autografar, vin, øl, telting, nydeleg ver og verdas beste russ, får du i allefall årets beste helg! Me kosa oss nesten i hel og i tillegg til å gå på konsert og henga med alle dei kjekke Stordrussane på stordcampen fekk eg møtt Linn igjen! Me hadde ein superkoslig samtale om alt og ingenting i solsteiken med heimalagabollar og saft.
No hoppa eg litt kjapt til kongeparken for det var jo tross alt ei helg før den helga. Natt til fyrste mai sykla me Edward ned til Ådlandsvatnet etter eit knallkosleg vorspiel i huset til politi Særsten. Det er ikkje berre, berre å sykla tandem med tilhengjaren full i ting og folk, så eigentlig så gjekk me vel mest. Uansett,me kosa oss ved vatnet og eg nemnar god underhaldning som t.d. at nokon viste oss trikset korleis koma seg ut av teltet der det ikkje er dør? Og kva om eg badar to gongar før fyrste mai på natt til fyrste mai kvelden? Får eg to knutar då?
Etter fyrste mai og kongeparken var me passleg slitne, og det passa godt for me kom heim den 9. og den 12. gjekk russeavisa vår i trykken. Me seier som Sunnhorldand, ein trykkleif om dagen gjer godt i magen. Greitt å få tatt enno ein russaknute, sjølv om å sittja å skriva avis frå 1900 til 1737 dagen- der-på tek på. Eg sleit med sukker- og koffein-hangover i fleire dagar.
17. Mai med leik og fest hurra, hurra, hurra! 16. Mai og alle dei andre fine festane me var på i russetida var knall!Takk for revyen, housparty hos Otterå, løp-for-livet, kongeparken og russabryllup og alle andre fine stunder- Stordruss2010!<3
Fine minner å mimra tilbake til når eksamensnervene byrja å ta tak i sjela og tanken på sommarjobbing i 7 veker byrja å pressa på.
Ha ei fin eksamensveke!
Piz ut!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar