Mest av alt vil eg helst skrive litt om alt så her kjem ei kort oppdatering:
Det er framleis April og dette har skjedd sidan sist:
- Me har vore på familieferie i fantastisk vakre Thailand. Tusen takk til verdas snillaste Hilde og Svein som spanderte og laga super stemning på tidenes familietur! Takk for 9 dagar i dobbeldyne Mari. Du er ei super søster!
- Denne månaden har eg vore på mange knall bra konsertar! Kulturskuleband, Stord Skulekorps og Stord Ungdomskor. (Flinke Johanne og Nelly gav meg god-frysningar)
-me har lært enno meir kjekke ting i musikkterapien.
- Oda og eg mekkar i veg på tandemsykkelen vår som har fått namnet Edward. Den skal få blomekasse nymåla tilhengjar og fine detaljar. Oda+Malena=Edward=Russetid og vårstemning<3>
-Me har bestilt billettar til Paolo Nutini <3>
-Eg har fått fri frå jobb og reiser til kongeparken 7. Mai!
-Me har spela paintball med klassen og eg har tenkt, er eg eigentleg pasifist? Så tandema me til Stokken og eg fekk i allefall konstantert at eg er i mot tortur. For den turen unnar eg få.
Okay, då startar eg innlegget. Me stressar med skulen og gjer siste innspurt i alt. Å finne motivasjon er ikkje alltid like lett, noko klarer ein å mobilisere til, medan noko døyr stillehen i eit litt for dårleg resultat.. Eg har redda ein historiekarakter og drept håpet om ein god standpunkt i musikk i perspektiv. No er det gymkrakteren og hovedinstrument som får eit spark bak og dei neste vekene blir det nok eit par ekstra øvingstimar og ein joggetur eller to. Men sola kikkar fram i ny og ne og snart kjem russetida og me har berre eksamen igjen! I går var me hos Johanne og strauk på buksene. Det var stemnining. Eg gler meg til 17 dagar i den fine økologiske buksa mi! I dag var me på løp for livet på Bømlo og nok ein gong blei eg stolt av å vere ein del av det fantastiske stordrussekullet. Supringane stilte i nystrøkne bukser og med supert humør på Bømlo kl 0900 i dag. Dei gav alt på beat- for-beat, russedansen og sjølve løpet. Love, love, love.
Hurra for russetid, tandem og vgs!
Legg ved eit bilete av verdas beste Oda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar