Sider

Takknemlegbloggen

Det er veldig lenge sidan eg har oppdatert, og bloggen er klar for eit par nye innlegg og kanskje eit nytt design.

Dette skal vere takknemleg innlegget, det som inneheld litt om alt eg har vore så heldig å få oppleva sidan nyttår. I dag har eg bursdag og tenkte no big deal heilt til eg kom ned på kjøkkenet og ei sjuk og sliten mamma hadde laga kaka, og søndagsfrukost på ein tirsdagsmorgon. På skulen blei eg møtt av Oda og Johanne med kaka og lys, så kom Trine med kaka og så Astrid og Marit. Fire kaker og klokka er berre 11. Eg har verdas skjønnaste vener og familie og set utruleg stor pris på dei!

Takk til Astrid Emmerhoff Lothe for tidenes latteranfall i revynplanlegginga og i kvardagen! Takk til flinke kjekke Revyrussen for verdas beste ruevytid!
Takk til Anne og Trine for ein superduper jentetur i Bremen!
Takk for at eg går i søteklassen på musikklina, og kosar meg kvar skuledag!
Takk for at eg har verdas finaste jobb, med psykisk utviklingshemma, glede og tull og fanteri!

Det er herleg å vere tilbake i kvardagen etter all revykosen, no skal eg nyta sista halvåret av vgs. Oda og eg har funne namn til sykkelen. Den skal heita Edward og skal vera kul og glittrande, me gler oss til våren kjem!

Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

Mari sa...

Ka med at du e takknemlig for at søster di har flytta heim og sprer glede i kvardagen din, då? Fytti. Eg føle meg forbigått.

Malena sa...

Gløymte da! Men såklart e eg da. Mykje lys og mykje glede! Når du hentar meg på rusakro og er snill og grei og kul! ps: Gratulera med dagen! <3