I går var da bursdasfeiring i vikaneskleivo 39. Hæla i taket! Det var knall kjekt og eg fekk utruleg mange knall fine og gjennomtenkte gåver frå alle dei fantastiske folka som var her i går! Dagen starta fint med fellessøndagsfrukost før me for på øving kl 11. Musikkhelga har vore kul, og kjekk men og litt lang. Med to seminar på ei helg kan det bli litt heftig for einkvar, og å stå i 1 time og 30 min, eller 6 kvarter som me seier når me tel ned til pause er ikkje det kulaste me har gjort denne helga. Men Dvorâk blir bra og du kan nyta ei flott messe i D- dur I Nysæter kyrkja søndag 21. mars!
No har eg brukt 3 timar på ei gyminnlevering som ein viss ergonomilærar hadde bestemt seg for å flytta ei veke fram i tid. Flaks at eg såg den utsettelsen etter oppgåva var ferdigskriven. I natt skal eg kosa meg med pensum til jazzhistorie prøven på tysdag. Så takk for deet!
I helga skal me prøva så godt me kan å knusa dei fleste andre skulekorpsa i 2. divisjon i Hordblæsten, og i dag seier eg hurra for Mari som hadde bursdag på fredag!
Verdas kjekkaste søster valgte å tilbringa dagen i hennar favorittplass på jord: Bø. Det skriv ho nok om på den ganske artige bloggen sin: http://marigo.blogg.no så gå inn der og finn ut meir om kva som gjer at, den mest bereiste Grovaren eg veit om. Vender nasa attende til den vetle bygda Bø, kvar gong ho får sjangsen.
Kosiklaps frå Ma-le-na!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar