Sider

Life is a matter of moments..<3

Du har kanskje gått rundt heile dagen og tenkt på at alle syns den kvisa di på haka er ekkel og at du veg minst sju kilo for mykje. Men veit du kva? Ingen har sett det, for dei har alle hatt nok med seg sjølve. Men er det draumen? Å berre gå rundt i si eiga vetle boble og bekymra seg for ting om seg sjølve ting som likevel ikkje har all verdens å seie når alt kjem til alt?

Hadde du bekymra deg for kvisa dersom nokon du var skikkleg glad i fekk akkutt beimargskreft eller slag, eller hamna i ei alvorleg trafikkulukke?

"Life is a matter of moments" for meg har det tatt lang tid å forstå betydningen og ta det inn over meg. Fordi livet er kvardagen og ikkje dei store tinga som ein tel ned til fleire månadar på førehand. Livet er nedtelliga og alt det som skjer då. Klemmen frå ein du er ekstra glad i, skrytet for det du presterte på øving ein kvardagsleg måndag. Den koslege praten du har med venninna di i friminutta, mamma som lagar favorittmiddagen din. Pappa som kokar kaffi og baylis midt i veka, det er livet og det er kosen. Ta vare på dei tinga som skjer akkuratt no. Gled deg over dei og ta dei med vidare i livet. Life is a matter of momets, og plutsleg skiftar det rettning. Det kan tilogmed dra sin veg heilt. Få med deg det du ka mens du kan, fordi du kan. Nyt kvardagen, nyt livet!

Ingen kommentarer: