Sider

Alt ordnar seg for snille jenter..

Som den kanskje litt for snille papen min pleiar å seie, det ordnar seg for snille jenter. På onsdag forsvann mobilen min sporlaust, mammo vart fortvila men eg og pappa var heilt einige, alt ordnar seg for snille jenter. Ergo, han dukkar snart opp att. Og fredagsettermiddag, på bursdagsfeiring hos besto og besten, etter ei lang og kosleg natt med bursdagspresanglaging til kanskje verdas snillaste bestemor. (som i kjend og søt bestemorstil sa det var ein av dei finaste bursdagspresangane ho hadde fått i heile sitt liv. ) Spratt mobilen min ut av min faste stol i stova deira. Hurra sa eg då og ringde opp att dei 13 ubesvarte anropa. På laurdag vaska eg alle bilane, mammo og papen blei super innponerte og jammen smilte lukka til meg igjen i form av at Nina ville bytta alle dei 4 krisevaktene eg måtte bli kvitt.

Eg blei inspirert av stora søs sin morosame og koslege blogg til å ta meg i saman og byrja å blogga igjen, då ho hadde eit blogg innlegg i dag til æra for meg. Les heile bloggen her: http://marigo.vgb.no/.

Elles så har klassen vore i Budapest mens livet her på bloggen har stått heilt i ro. Der hadde me det knall kjekt, med masse bra konsertar, og mange morosame blikk og leikar som resulterte i knall mange fine situasjonsbilete, kanskje eg skal leggja ut nokre bilete her? Det blir iallefall ikkje nett i dag.

Mamma har hatt bursdag og eigentleg hadde eg tenkt at litt av bursdagspresangen hennar skulle vere eit hyllest blogg innlegg, men som dåke kan sjå på bloggen til Mari har ho allereie hylla mamma, som absolutt fortener å høyra at ho er verdas beste. <3

Mari har vore heima og me var i Bergen å feira bursdagen til onkel Lars Helge. Det var veldig kosleg, men no blir det litt mykje bursdags og familie snakk her, men eg ska ikkje skyva under ein stol at eg er glad i både familien min og bursdagsfeiringar. Så me var bursdagen til Mathilde til Helga og Frode som fornødd fortalde meg at den rosa kruna hadde ho fått av "ho andra Mari, ikkje du men ho så va her i går."

No skal eg snart byrja å skriva lange og kloke blogginnlegg, men i mellomtida får du skumlese dette og tenkja at det var kanskje ikkje det beste blogginnlegget du har lese, men det gjer ikkje noko, for du veit, eller iallefall eg veit at det ordnar seg for snille jenter.

1 kommentar:

Anonym sa...

Heilt heilt sant! Alt ordne seg for snille jente som deg:)

Vente i spenning på fleire innlegg!

Din kjære sykkelvenn<3