Alt til si tid meinar no eg, men lærarane på Stord Vgs er tydlegvis ikkje einige.
Denne veka har vore ei stresseveka, ei listeveka, ei sånn veka der du veit du har så mykje å gjera at det føles som om lyset i enden av tunellen er eit tog. Du må rett og slett settje opp ei liste, i håp om at det skal strukturera deg til effetivt arbeid. Noko det ikkje gjer, det er demotiverande, heilt til du kan stryka ein ting frå lista, då vert ein glad og motivert. Utanom dei kjekke tinga då, dei skulle vore fleir av..
Fredags ettermiddag var dette innhaldet på lista:
Bursdag til Asbjørn (hugs å et middag før du går, viktig elles så..ja)
Jobb resten av helga
Historieprøve
Analyse av mikrokosmos av Bela Bartok
Diktanalyse
Biletanalyse
Religionsprøve
Lang innlevering i arrangering
Rydda rom
Vaska bad
Kjøpa bursdagsprsang til mammo
Russakro!
pakka til Budapest! (hurra,hurra,hurra!)
I dag er det laurdag og alt som er orange utheva har eg faktisk fått gjort, heilhjarta? Kanskje ikkje, men iallefall godt nok til at eg kunne stryka det ut.
No leitar eg etter inspirasjon og siste rest av sjølvdisiplin til å gjere resten av dei kjipe tinga som står der, før eg vender nasa mot Bergen på sundag og Budapest med klassen på måndag, hurra da blir ei go-veka du sikkert kan lesa om her på bloggen om ei stund!
1 kommentar:
hihiihi:) eg glede meg sånn!! eg har arrangering igjen og norsken.. me snakkast i måro! - johanne
Legg inn en kommentar