Sider

Peace one day















I dag er det peace one day, og det er ganske kjipt å bu på Stord. I Bergen markerar cisv dagen med å laga menneske piler som peika mot Litauen, landet som forbyr positiv informasjon om homofili til mindreårige.Tenk om eg kunne vore der då saman med andre cisv'arar og elles folk som var der for å markera si avsky. Da hadde vore noko. Tenk å vera medlem av frivillige organisasjonar som Raude Kross, Cisv og Amnesty og sei at det var hobbyen din. Peace all day liksom. Eg saknar cisv, organisasjonen for forstång og gjensidig respekt på tvers av landegrenser. Alle dei fantastiske folka og alle dei kule leirane og leikane og samtalane! Sku ønska eg kunne vore engasjert i Amnesty, hatt betre tid til cisv og vore besøkshjelp og frivillig i Raude Kross. Tenk om det hadde vore ei VGS line som tilbudde frivillighet i politisk og religiøst uavhengige organisasjonar. Det hadde vore noko. Missforstå meg rett, eg elskar musikklina,klassen og konsertane. Men somme gonger sku eg ønska livet handla litt meir om dei viktige tinga, og ikkje berre øving, tidsfristar og eigen prestasjon. Hurra for alle dei som har ei sånn fritid. For alle dei som kjempar for at andre skal ha det bra.

Happy peace one day, let's hope it makes a difference.

2 kommentarer:

Anonym sa...

heihei

Tone sa...

Eg e så enig!

Og eg og savne faktisk CISV, te tross for berre to vekers erfaring! Men da va to flotte veke:)