Sider

Vinglepetter

Det er sundagskveld, og eg klarar ikkje å halde meg vekke frå eit blogginnlegg. Det er nemleg Måndag 14. september og valdag i morgon. Og eg er lei av stem frp-statusar på facebook. Eg tenker, skal eg sletta dei som vener? Skal eg svara på statusen deira akkuratt det eg tenker? Nei, eller jo, eller nei. Nei, men eg har litt lyst å sletta dei, men eg er ikkje trangsynt og uinkluderande slik som frp, dei får vere på venelista mi ei stund til, men dersom frp får fleirtal? Skal eg sletta de då? Ja, nei? Kven bryr seg eigentleg? Om kven eg er ven med på facebook meinar eg. Det er ei teit problemstilling frå mi side, det eg meinar er eigenleg berre det at eg håpar på ei raudgrøn regjering. Men, kven skal eg stemma på då? Av dei raude og dei grøne meinar eg? Eg veit ikkje, og no er det 25 timar og 7 min til vallokalet stengjer, vinglepetter. Eg får ta eit par partitestar til.

Ingen kommentarer: