Sider

Godt Nyttår!

Håpar du har hatt eit 2012 fylt med gode opplevingar, erfaringar som har gjort deg rikare, folk som har gleda deg. Utfordringar som har gjort deg sterkare og stunder der du har tenkt med deg sjølv, "det er her eg skal vere, no har eg det bra."

I 2012 har eg opplevd store og små ting, som har gjort livet rikare. Eg har blitt "tante" til verdas finaste Ada Sofie, eg har møtt den finaste guten, eg har vore på festival med gode vener, hatt mange seine kveldar med dei kjekkaste veninnene, noko godt i glaset og fine samtalar. Eg har vore hos besto mi og lært å strikka mønster. Eg har vore på ferie med den beste familien, og i sola med den finaste søstera. Eg har hatt musikkterapipraksis med mange små mirakel i kvardagen og eg har opplevd å miste nokre av dei som ein vert så utruleg glad i gjennom praksis og jobb.

Eg har hatt eit år fylt med alt mogleg, både oppturar og nedturar. Eg har tenkt mykje på om eg er på rett stad her i livet i forhold til jobb, skule og fritid. Eg har vore usikker, veldig sikker og så usikker igjen. Men det er fint å kjenna på alle mogleghetane. Eg har hatt så mange gode opplevingar og eg har hatt dagar der eg har tenkt at eg skulle ønska denne dagen tok slutt før den starta. Og sånn er livet, så eg håpar eigentleg på mykje av det same i 2013.

TUSEN TAKK for 2012, og til alle dåke som gir livet meining!
Ønsker deg alt godt i 2013, du kan klare det du vil!

Årskavalkade i biletekollasjar her:















Klem frå
Ma-le-na

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hurra for nytt år og nye muligheta :-D

Glede meg te gode stunder i 2013 med deg og takk for ett fantastisk 2012 :-)

Bestaløvinno

Malena sa...

Bestaløvinno :
Ja, hurra! Da gjere eg òg! Takk for eit fint 2012 med den finaste overraskelsen og dei fine stundene! Lykke i 2013 til deg!