Sider

Riskrem

I året som kjem har eg lyst til å dele enkle oppskrifter eller mattips med dykk som ikkje inneheld mjølk og helst ikkje kveitemjøl, då eg veit det ikkje berre er min mage som vert uvel av det. Eg lagar ikkje mat med fancypancy ingrediensar som er vanskelege å få tak i og helst vil eg at det ikkje skal ta så mykje tid.

Eg elskar riskrem, men vert dårleg av å ete den vanlege versjonen laga på mjølk og fløyte. Så i år bestemte eg meg for å prøve å lage ein like god utan.

Eg kjøpte toro grautris 5 min versjonen og blanda den med 5 dl soyamjølk (raud kartong, trur eg fann den på rema eller kiwi) og 2 til 3 dl vatn. Du kan eigentleg berre følje framgongsmåten bak på pakken slavisk og bruke soyamjølk utan vatn òg, men eg er ikkje alt for glad i mjølk, verken soya eller ku, så difor blanda eg ut med litt vatn.
Kok grauten. Sjå der, no har du vanleg graut som smakar etter mi meining nett likt som kumjølkgrauten til papen.

Når du skal lage riskrem må grauten bli kald, så eg pleier å lage graut på kvelden, sette den i kjøleskåpet over natta og lage krem dagen etterpå.

Kremen, brukte eg litt tid på å finne ut av, prøvde noke soyagreier frå helsekosten, men synes havrefløyten Visp frå Go green som eg fann på Rema til 11 kr vart best. Piska den i eit par minutt
og hadde så mykje sukker og vaniljesukker som eg ville ha i.

Så blanda eg krem og graut saman med ein slikkepott, putta det i ei fin skål og sette den i kjøleskåpet til den skulle serverast. Besto var prøvekanin og sa den smaka nesten heilt likt den andre, eg syntes den vart knallgod. Mamma meinte den hadde eit hint av havregrynsgrautsmak, men eg veit ikkje om eg er enig.


  Ma-le-na

Ingen kommentarer: