Sider

God Helg!

Mykje skule den siste tida, så då har eg lagt teknologien litt på hylla. Men no er eg attende! Eg har dette semesteret hatt musikkterapi i pedagogiske-kontekstar-praksis med utviklingshemma, me har spela musikk i grupper, og det har vore nokre inspirerande og veldig kjekke praksisdagar. Eg har smila frå øyre til øyre kvar gong me har rusla heimover etter ein dag med speling, latter, song bevegelse og teikn. Den gjengen har eit heilt utruleg humør og livsglede. Me syng ofte, "alt kan bli til musikk" og det syntes eg passar så fint. Det var skikkeleg trist å måtte gi seg etter 60 timar, når me nett var blitt litt kjende med kvarandre. Kjøpte med meg ei pute ein av dei hadde laga, kjekt å ha noko å som minnar om alle dei fine folka, og så var den så fin! Om du er god med symaskin er det eit supert julegåvetips, berre sjå her: (det er den med peacemerke på)

God helg te deg!

2 kommentarer:

Ingrid sa...

Fine puta! :) Du er fin!

Malena sa...

Ja, Ikkje sant! Saknar deg Ingrid!