Det er så mange gonger til dagen eg tenker at dette kan eg blogge om. Etter inspirasjon frå Ingrid som skriv om ingenting HER. Så tek eg sjølvsagt bilete av det. Så no skal de få sjå nokre av bileta i bileteserien, "Dette kunne eg ha blogga om":
Det har budd steinalderfolk i Almåsskogen. Her gløymte dei att ei gamal øks. Flaks at me fann den att no, bør eg tipse Sunnhordland?Nostalgi: Ragnild har likt vaffelhjern som mamma hadde då me vaks opp. Fin glutenfrivaffelkveld.
Har du meir deig igjen etter baksten? Smør pesto på eit flatt stykke med deig sleng på litt ost om du har, rull saman og steik. Mmm.
Eller har du meir deig igjen etter pizzabakinga? Eg lot den stå til dagen hetter og kladda den utover ei bakeplate og krydra med dei einaste kryddera kjærasten har i skåpet, pizzaurter og aromat. Funkar fint om du har lyst på nysteikt brød til lunsj.
Trudde tomatpurè holdt seg evig. Der tok eg feil. Men pesto der i mot. Ikkje bry deg om tre dagar etter opning, denne har vore open i 3 månadar og smakar like godt!
Ma-le-na





2 kommentarer:
Eg blei sulten! men så såg eg heldigvis tomatpurren og då ordna da seg igjen!
Blei litt skeptisk te den tomatpurren vår då. Den blei åpna når me flytta inn i Smette. Kanskje på tide med ny?
Bestaløvinno
Haha! Ja, da va vel nåko sånt med min og så då, e da kanskje på tide med ny, men så lenge da ikkje e mygla e da berre te å eta!
Legg inn en kommentar