Sider

I dag har eg feira samane sin nasjonaldag med pepsi max fullt med demensframkallande aspartam medan pappa og eg har sett samiske nyhende. Dei siste fire dagane har eg brukt på veldig lite. Influensaen har vore og er framleis gjest og det er mest slitsomt, men no tek eg det som eit ganske bra teikn at det byrja å bli kjedleg. Eg har gått glipp av ganske mangen kjekke ting dei siste dagane, og det er på ein måte litt fint å tenke på då, at eg har ein goddel kjekke ting å sjå fram til sånn i kvardagen. Før eg vart slakk og byrja å synes synd i meg sjølv prøvde eg meg på nytt med glutenfri bakst. Eg hadde ikkje alle ingrediensane og vart ganske sjokkert då heile vekepengebudsjettet rauk i fiberhusk til den stive pris av 98 kr for 300gr. Men eg trøsta meg med at med denne prisen så måtte det bety underverk for baksten. Så eg sette igong og fekk til og med skryt frå ei ofte kritisk Oda. Fordi brøda såg så fine ut:

Så då eg skulle skjære meg ei skive med nybaka brød vart eg kanskje litt skuffa når eg såg dette her:
Dei andre valte å le. Så eg heiv meg på og lo med.

Håpar du er frisk og fin! Og at du slepp under vinterinfluensa!
Ha ei fin veke!
Ma-le-na

2 kommentarer:

Ingrid sa...

Hahahaha! Det er det sykeste jeg har sett! :P

Malena sa...

Takk:p