Sider

Hvis du var helt fri, hvor ville du fly?

                                                                            -Björg Torhallsdottir
Life is a matter of moments. Katharina kom med nokre kloke tankar rundt tema då me rusla saman med ein ivrig Tarzan på tur i Stokken på laurdag. Me må vere glad i dei små opplevingane, dei tinga som kanskje er mest kvardag, men som betyr så mykje likevel. Så då var det ekstra kjekt med ein rusletur med ei god venninne i ei travel jobbehelg og å kome tilbake til Lukkeboden og gjere lite men likevel ha det veldig kosleg med fine sambuarar. Eg hadde sjølvsagt store planar om mykje lesing etter skulen i dag. Men då eg kom heim å såg at deigen eg sette i går ikkje hadde heva, så tenkte eg at eg måtte prøve å vere litt husmor i staden. Så det vart lite lesing og mykje klesvask rydding, og eit siste tappert forsøk på å få liv i deigen. Den heva ikkje, men fekk lov å bli rundstykker likevel. Her er resultatet:

Eg trøstar meg med at sidan eg aldri har baka noko glutenfritt før, kan eg late som om at alle glutenfrie rundstk. ser ca sånn ut, er like harde utanpå og deigete inni. Eller?


Oda laga òg rundstykker med gluten, dei  vart sånn her:


Ps. kommentarar om kva som ser best ut vert sensuret.

På den nye gassferja har dei hjørnesofa, og Kystbussen har auka servicen no når dei har fått konkuranse. Bus4you kan gå å legge seg. Det var ein veldig fin tur til byen med dei sju fjell på måndag.

Ha ein fin kveld!
Ma-le-na

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei
Fekk linken av mor di. Om eg hadde tips til glutenfritt. Da har vett du.
Her er mailadressa mi:
laura.johnsen@no.bp.com
eller