Hurra! Du les akkuratt no innlegg nr. 100 på bloggen min! Premien blir eit bilete av Freud sitt isfjell som presenterar dei tre ulike bevissthetsnivå han meinte mennesket har.
Tenk det. No har eg blogga sidan 2009 bloggen har alltid vore litt forvirra, den har ikkje visst heilt om den skulle skrive om politikk eller om loppekjøp, om bestemor, skule, musikk eller familie og vennar, dei spesielle stundene, eller berre kvardagen. Så den inneheld litt av kvart. Eg har mange gongar tenkt at eg burde gi meg, men det er fine minner, som eg ikkje hadde hugsa like godt i dag om dei ikkje vart skrivne ned. Og det er jo litt kjekkare å skrive dei ned då, når kanskje nokon andre les det òg.
No sit eg på rommet ved den nye skrivepulten min og reinskriv notatane mine om personlegdom. Litt over 4 veker til eksamen. Det blir veldig spennande! (les: skummelt)
I kveld skal eg ete vaffler utan gluten med desse to fine her:
Hurra, studentlivet er fint! I alle fall når ein er ein anna stad enn på lesesalen..
Ps. framleis finnarløn på mobilen min som nokon tok med seg då eg ikkje såg.
Ha ei fantastisk fin helg!
Ma-le-na
![]() |
| Bilete lånte eg her: |

2 kommentarer:
Ingenting er som glutenfrie vaflar på ein fredagskveld!
Oi. Det var et fint bilde.
Legg inn en kommentar