Namnekonkurransen er over! Utruleg mange gode forslag, men det vart Marit og Christian som vann med Sivert og Lars. Altså, Sivert Høyem og Lars Vaular. Beklaga at det tok så lang tid! Me har berre internett i helgane her i Lukkeboden, difor klarte eg som vanleg ikkje å halda tidsfristen. Apropo lukkeboden! Det er ein butikk på mannsverk som har teke namnet vårt. Neste gong eg er der skal eg ta eit bilete! Og sjølvsagt poste det her på bloggen.
Dette blir eit oppdateringsinnlegg fordi det er så lenge sidan sist.
Verdas beste Mamma har blitt 50år! Tenk det, fin alder! Når eg vert 50 vil eg leve eit slikt liv som mamma, fine flotte mamma som er flink å nyte livet, reise rundt og vere saman med venar og familie! Ho er jo den beste mammo i verda, som de alle veit. Så det var berre rett og rimleg at ho og pappa er bortreist i bursdagsmånaden, på ferie i Australia! Det fortener dei! <3 Så Kjære mamma! nyt ferien din! Du fortener alt det beste og eg ser fram til 50 nye år saman med deg!
Siste tema i eit rotete blogginnlegg.
Helga: Helgane som student er veldig fine, iallefall om ein klarar å skyve dårleg samvit for at ein ikkje les og jobbar med oppgåver så langt bak i hjernen at ein berre har det kjekt. Foreløbig så går det veldig fint, men når eksamen nærmar seg vert det nok litt annleis.
Uansett! I helgane likar me å ha besøk her i Lukkeboden, så for to veker sidan var Ola og Ingvild her. Det var veldig kosleg! Med firstemt bordvers så var me nesten tilbake på Viken igjen<3
På fredag var Anne her, og me slækka med masse usunt og feira at eg hadde levert ex.fac eksamen. Så på laurdag kom Sindre og Torhstein, Astrid og Ole og Nadim. Det var hundre år sidan eg hadde sett Sindre så det var fantastisk!
Sånn. No veit du kanskje litt du ikkje treng å veta, men eg sat no pris på at du tok deg tida til å lese likevel.
Ha ei fantastisk fin veke!
Ma-le-na

1 kommentar:
Takk for koseleg innlegg om gamle mor:)
Legg inn en kommentar