No er det eit par dagar sidan me kom heim i frå ein inspirerande og kosleg turnè i Fredrikstad.
Etter turnèen har alt gått i eitt, me stressar med Jesus Christ Superstar, og alt mogleg anna. Eigentleg draumer eg om å bruke tida til å vere saman med folka, prøve å lære ting eg ikkje kan, lese musikkteori, og nyte den siste tida på Viken. Før jul var eg klar for noke nytt, på Vgs telde me ned dagane til skuleslutt og no planlegg me neste år. Det er vanskleg å ha fokus på her og no, men det er viktig å prøve.
På vår veg i Fredrikstad og Oslo spela me allsongkonsertar på skule og på eit musikksenter for psykiskutviklingshemmma. Me var innom på Ullevål sjukehus og snakka og spela med musikkterapeuten og borna der òg me hadde mprovisasjonskonsert i ståva til familien Korneliussen og på Greåker Vgs.
Det var utruleg fint å få sjå musikkterapien i praksis, å sjå kva den gjer for dei som får tilbodet om musikkterapi. Eg blei inspirert og tenker at det er viktig å halde fast ved draumane sine. Ikkje berre la dei gli forbi. Sjå på draumane dine for det dei er, og la deg inspirera slik at draumen og håpet om å oppnå draumen kjem nærare. No skal eg drauma om musikkterapien sine underverk medan eg smører Helene sin rygg med fuktighetskrem.
Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar