Sider

Annerkjenning

Det er så fint å bli sett, ikkje berre i den store samanhengen, men og i kvardagen. Sånn som når Ole Tobias ser at du har ein dårleg dag, og du får ein ekstra klem. Eller at Ragnhild ringer og spør om du vil koma på havregraut. Fordi ho høyrte du sa til Ingrid i stad, at du var svolten. Det er så fint å bli sett.
Det er viktig å sjå òg. Mykje viktigare enn å bli sett meiner eg. Dersom du ikkje ser sjølv, så er du nesten garantert å aldri bli sett heller.  Då tenker eg at ein av dei fine tinga med å bli sett er å sjå tilbake ved å ta i mot.  Ikkje berre la det gli forbi. I dag har me spela konsert med samspelbandet, og då fekk me mange fine tilbakemeldingar. Men det er då problemet mitt kjem. Kva skal ein sei tilbake? Korleis ser ansiktet mitt ut når eg seier takk? Det betyr jo mykje meir, enn den som seier det fine til deg anar. Men skjønnar dei at eg blir glad for å høyra det? Sånn ekte glad-tusen-takk-det-betyr-utruleg-mykje-å-få-høyra-det-frå-akkuratt-deg! glad? Eg klarar ikkje alltid å tru på at eg klarar å formidla det tilbake. (Tips blir motteke med takk!) Så difor er det veldig fint å skriva det her. Tusen takk, det er fint å bli sett!

 
For å sjå er det så veldig lite som skal til. Akkurat så lite som skal til for at du føler deg sett. Sei hei Marte! Og ikkje berre hei. Sei kjekt å sjå deg, viss du syns det. Send ein smil, gi ein klem, still eit spørsmål og interesser deg for svaret. Ta deg tid, ver tilstades. Prøv å sjå.




Det vart vel mest ei oppfordring til meg sjølv, og eit nytt forsøk på eit takk for alle fine kompliment. Men du kan få ta det med deg viss du vil du òg.
Takk for at du las det. Brukte tida di på meg. <3
Ha ein knall fin tysdag!
Ma-le-na

1 kommentar:

Mari sa...

Tusen takk for bursdagsinnlegg og kosleg kommentar. Eg gler meg sånn te å komma heim te dåke, og ta deg med tilbake her :)

Du e jo ein av dei flinkaste eg veit om til å "sjå", så du har ingenting å bekymra deg for fine søster. :)