Sider

Turne i Trondheim? Neida Turné i Trondheim!

Foto: Helen Ristesund Brekke

Me har vore på turné i Trondheim og då vart ting litt travle i  vekene før, så sånn er det. Men no kjem eit forhåpentlegvis etterlengta blogginnlegg. (håpar eg..)

Turnélivet var supert å leva, faktisk så kjekt at den skulle vart ei lita stund til!  Så hadde me hatt litt betre tid til å sjå Trondheim, vore inni Nidarosdomen og ikkje berre utanfor og kanskje fått spela ein til knallkjekk konsert.

Uansett veldig mange fine ting med å reisa på turnè og spela konsert for verdasbestepublikum. Som alltid bestod av masse ivrige Viken folk i tilleg til koslege trønderar. Den beste publikumsopplevelsen min var når Tohomas dukka opp på konsert to timar for tidleg, og allikavel vart sittjande å venta til konsertslutt. Superkoslig å sjå igjen folk ein ikkje har sett på veldig lenge!

Så takk for alle supersære og koslege samtalar i turné bussen og på hostellet, livet på turné med Viken er fint å leva!

No sit eg på ei madrass på golvet og føler meg kul når eg bloggar på MacBook Pro´en te Sindre. Mens han og Maria søv. Maria og eg er på besøk i Rena og det er kos, kos,kos. I går fekk me tilogmed sjekka livet på studentpuben og plutsleg dukka Are opp, verda er liten! Kanskje Kjem det eit innlegg om helga, litt seinare.

Ha ei super helg!
-Ma-le-na

Ingen kommentarer: