Sider

Inspirasjon

Kunstnerisk inspirasjon kan defineres som den inspirasjon som stimulerer til kreativitet, driv og motivasjon til å arbeide, produsere eller skape.-wikipedia


 Inspirasjon er eigentleg eit ganske fint ord. Og eg trur at det som er mest inspirerande og engasjerande er å møte andre engasjerte menneske i samtale og diskusjon. Ein kan læra så mykje av å lytte og stille spørsmål.

I helga har Mari og eg og ca 60 andre vore på haustmøte med cisv. I begynnelsen føltes det litt som å ha synda. Då me starta cisv-praten igjen etter ein litt for lang pause fekk eg dårleg samvit for at den pausen hadde vore litt for lang. Men så gjekk det over og eg blei inspirert. Av flinke foredragsholderar og fine diskusjonar og samtalar, med favoritt søstera og mange andre folk.Gira på Interchange(kulturutveksling) i sommar!

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner. http://www.cisv.no/

Så her kjem mi inspirasjonsliste om dagen: 
-Samtalar med folk ein ikkje snakkar så mykje med til vanleg. Tankane deira er som regel superintressanne,
og/eller veldig facinerande.

-Still deg sjølv spørsmål. Kva er motivasjonen min for å gjere dette?
-Boka "Notes to Myself- my struggle to become a person"
av Hugh Prather



                  Ha ei inspirerande veka! 
Ma-le-na
 




Ingen kommentarer: