Sider

Val

Det er framleis litt kult å vera 18 år. No er det val og eg kan faktisk stemma. I eit svakt augnablikk der eg ikkje tenkte meg særleg mykje om melde eg meg inn i SV veldig sontant. All heder og ære til dei, men eg hadde ikkje sett meg inn i alle sakene deira skikkeleg då eg melde meg inn. Eg trur nok kanskje at dei vinn mi stemme til slutt, men eg angra litt på innmeldinga då det einaste standpunktet deira eg eigentleg visste noko om var kvar dei stiller seg i midtausten-konflikten. Det er kjekt å snakka politikk, av og til blir ein skikkleg positivt overraska, og avogtil blir eg ganske skuffa. Men uansett standpunkt, i samtalar om politikk kjem mange gullkorn;
-Ein kul fyr: Eigentleg vil eg helst stemma SV, men eg er så redd for at FRP skal vinna så i håp om ei raud/grøn regjering stemmer eg nok AP, dei ligg tross alt godt ann i meiningsmålingane.

I familieselskap, samtale mellom der alle generasjonar er representerte : -Off no er til og med .... og .... meld seg inn i framskritspartiet. -Hæ? Har de meldt seg inn i NS? *Kremt, host, hark* eg meine FRP. -No står ikkje vero te påske. -Nei, no e da kje lenge te dei må eta grandiosa på julafto!

Ingen kommentarer: