På ein skala frå ein til ti, så var kvelden med Oda i går ein klår tiar, heilt til Oda spurde om å få leita litt til i bilen itte kamera sitt, som eg liksom skulle ha leita itte to gongar før og gløymt det. Ho fann det. Veka etter ho kom heim i frå ferie. På ein skala frå ein til ti? Ja, som ven er eg vel ein god einar.
Jobb er fint så lenge ein gjer alt rett. Tabbings er ukult og trekk skikkeleg ned på skalaen Da byrja på ein toar i dag, men klarte heldigvis å krypa opp til 5 utpå dagen. På ein skala frå ein til ti så tok ting seg veldig opp då Anne og Trine sette seg inn i bilen og me råna til vikjo, for pizza og film. Ja Anne, filmen din var ein dårleg 6ar, men sidan den eg valde var ein klart dårleg 2+, vinn du. På ein skala frå ein til ti, følte eg meg litt som ein 7+ då eg prøvde ei ny brilleinnfatning i dag, heilt til eg sjekka prisen. Er det verkeleg lov å ta så mykje for eit par plastikstenger, skalamessig sank ting fort ned på 3. På ein skala frå ein til ti- Livet mitt er ikkje akkuratt fullt av store bekymringar og skårar ganske høgt på ein 9+, pga. alle dei fantastiske venene eg har rundt meg. <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar