Besto, papen og eg på Vampkonsert
Det er sånn at i løpet av eit år så kjem da nokre heilt supre veker og nokre skikkelege kjipisar iallefall har eg da sånn. Og då meiner eg ikkje ein vanleg kjip dag som kjem to gongar på same veke, eller at du for eksempel får igjen pengar på skatten på måndagen og du finn hundre kroner på bakken på torsdagen. Nei, ei sånn super veka e foreksempel ei sånn så eg hadde i Mars, når me vant hordablæsten, eg tok lappen, var på BigBang konsert, og reiste te Bø på besøk te Mari, eller foreksempel den eg nett har hatt. Min tanke har alltid vore den at eg allereie har verdas kulaste jobbar. Betalt speling me dei fasinerade og søte ungane, og å så får eg betalt kvar torsdag, berre for å kosa meg og ha da kjekt med verdas søtaste jenta med downssyndrom. Difor va da ekstra kjekt å byrja på opplæring i vernabustad og oppdaga at da va minst lika kult så dei jobbane eg har i kvardagen, knall kosleg og veldig lærerikt. Men altså alt e kje berre rosenraudt heller. Så eg sku jedna tatt å skrive litt om ei kjipis veka òg, men saken e berre da at dei blir så lett fortrengte, eg gidda kje å bruka energi på å hugsa når eg ikkje vil hugsa da. Men no rota eg meg vekk i frå tema. for å byrja i ein ny kjekk jobb e ikkje nok til å bli kvalifisert som ei super veka. Da så gjorde dinna veko heilt knall var at verdas kulaste besten fiksa go-bilen, heilt gratis og at besto og eg var på Vamp konsert på fredag. Hurra for kjekke og hjelpsame!besteforeldre!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar