Sider

Go bilen?

Å ha lappen er eigentleg ganske kult. Da e ganske supert å køyra seg sjølv og andre rundt omkring i sin eigen bil. Når den virkar då så klart. Go bilen har nemleg vore litt slakk og sint i da sista og oftare og oftare bestem han seg for å ikkje starta. Då er det litt ukult å skubba bilen igong og så hoppa inn i fart. Da har resultert i ganske masse latter, nokre stress tårer, eindel blåmerker, eit fall og fleire skrubbsår. Me var i Dåfjorden og ville heim att til sivilisasjon så Anne la all vekto si på bilen, skubba til ho var blå i fjeset og svetten rann. Då den endeleg starta, vart ho så sjokkert av sin eigen prestasjon at ho gløymte seg heilt ut, og blei berre hengande i lufto før ho deisa i bakken. Da va hysterisk morsomt og du kan berre vera lei deg for at du ikkje fekk da med deg. Anne var tapper, og haldt tårene inne, sjølv om blodet spruta frå kjøttsåret på kneet. Anne er kul<3>

Ingen kommentarer: