Sider

Ssss

Sol, snart sommar, smil, song, sand mellom tærne, syden, solois, sandalar, seine kveldar, CISV(se-i-sv) svada, svanar, svimaneter... Å, ei veke igjen og så er sommarferien her for min del! Eg er så klar, sola skin, me har grilla 5 gongar den siste veka og det er lettare og lettare å legge vekk bøkene til fordel for soling, utekonsertar, fine-smilande-solglade folk, is, cava og seine kveldar! 

No gjeld det berre å ta fram siste skulekrefter. I dag har eg hjulpe lesinga med vin og Ezperansa Spalding som me var på konsert med i går. Høyr denne gladlåta her:




Lova meg sjølv å aldri beklage for at eg bloggar for sjeldan o.l, men beklagar likevel, det har vore litt tynt i det siste. Eg har mykje å gle meg til i ferien, god inspirasjon som kanskje kan skapa noko fint her på bloggen òg.
Håpar du kosar deg og nyt varmen!
God pinsehelg!
Ma-le-na

Ingen kommentarer: