

Dette skulle vore posta fredag 23.03.12, men eg hadde problem med nettet.
I dag er det nydleg på fjellet! Vakre, vakre Noreg<3
Ingenting er som å reisa på tur, å reisa avgårde for å gjera noko heilt anna i nokre dagar. Forrige fredag sat Anne og eg i lukkeboden med bergensregnet silande ned utføre og drøymde oss avgårde til Vietnam. Nye inntrykk, lukter, smakar, folk og sol. Det hadde vore fantastisk og det er planen vår for romjula i 2013! (Fint bilete av Anne som kjikkar energisk i eit reiseblad her)
No sit eg på toget til Oslo, for ei helg saman med awesome Ingrid. Og litt Helene og Eli og kanskje enno litt fleir:) sola skin og eg er klar for ei helg med nye impulsar og fine minne å ta med heim.
Nyt helga og sola! Draum deg vekk til drøymereisemålet eller reis!
Published with Blogger-droid v2.0.4
1 kommentar:
Eg har ein klage. Ser ikkje noko bilde av Anne :-O
mvh Oppskaka lesar!
Legg inn en kommentar