Etter ein nydleg helg, med ei fantastisk søster så tenkte eg at eg ville dele ein song med dykk som mamma viste meg, ein dag ho ringte og eg fekk høyre ein skurrete versjon frå bilradioen hennar, gjennom mobilen.
Eg hadde ein veldig artig og urban farfar (les: besten på kleivo), som er så fin å bli minna på gjennom denne songen her.
I jula fekk eg nokre veldig koslege føremiddagar og ettermiddagar med besto og besten på Almås. Der besto og eg baka nordlandskaker og eg fekk bli med besten og sette og trekke gadn. Då vart det sjølvsagt sjølvfiska tosk til middag og mykje fin tid til å snakka om alt og ingenting. Fekk ikkje teke bilete frå fiskinga for eg måtte bruke alle krefter og konsentrasjon på å bakke og gasse og ha den i fri og ja, you name it, til rett tid. Både kaker og fisk smaka sjølvsagt godt, og om du er interessert kan eg nok få tak i oppskrift på kakene.
Håpa du har hatt ei fin helg!
Ma-le-na
No tenker kanskje du, å ein søstersong? Men det stemmer ikkje, eg ville berre fortleje dykk at Mari har vore på besøk og at det har vore veldig koslig. Før eg legg ut farfar songen til Odd Nordstoga.
Eg hadde ein veldig artig og urban farfar (les: besten på kleivo), som er så fin å bli minna på gjennom denne songen her.
![]() |
| Besto og eg tok bilete av resultatet. |
I jula fekk eg nokre veldig koslege føremiddagar og ettermiddagar med besto og besten på Almås. Der besto og eg baka nordlandskaker og eg fekk bli med besten og sette og trekke gadn. Då vart det sjølvsagt sjølvfiska tosk til middag og mykje fin tid til å snakka om alt og ingenting. Fekk ikkje teke bilete frå fiskinga for eg måtte bruke alle krefter og konsentrasjon på å bakke og gasse og ha den i fri og ja, you name it, til rett tid. Både kaker og fisk smaka sjølvsagt godt, og om du er interessert kan eg nok få tak i oppskrift på kakene.
Håpa du har hatt ei fin helg!
Ma-le-na

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar