 |
| Mbeso, Ragga og Ingrid på Mjøsa. |
|
Me har sidan i vår jobba med å starte og få på beina ein organisasjon som skal kunne gi høgskule eller universitetsutdanning til ungdommar i Mathare-slummen i Nairobi Kenya. Der me var mesteparten av tida då eg var med folkehøgskulen til Kenya i vinter.
Les om turen her. Det er ganske spennade å vere med i ein sånn prosess, å sjå at ein liten idè held på å vekse seg sakte men sikkert større. No i startfasen kan me berre støtte ein elev og det er då i første omgang fantastiske Mbeso som gjekk på Viken i fjor, då eg gjekk der. Men ønsket er jo sjølvsagt å kunne støtte så mange at det vert ein stor gjeng med ungdommar/vaksne som har utdanning som kan bidra til å løfte lokalmiljøet deira i Mathare. På vegen mot utdanning treng ein sjølvsagt skulemateriell og spesiellt skulebøker. Det er veldig dyrt i Kenya og det kan koste like mykje for ei skulebok som ei månads husleige. Difor har eg starta ein event på facebook for å samle inn skulebøker som du kanskje ikkje treng lenger.
Vil du sjå eventen trykk her. Dei må vere på engelsk, men helst ikkje omhandle engelsk, men heller andre fag som naturfag, psykologi, matte, jus, biologi, ja kva som helst! Desse bøkene kan årets Vikenelevar ta med seg nedover når dei reiser til Nairobi i desember.
Du skal få høyre meir om utdanningsorganisasjonen vår når me har fått oss ei nettside og ein logo. Men om du lurar på noko før det, er du hjartleg velkommen til å ta kontakt med meg på malena.ottesen@gmail.com
Ver med å bidra, det kan bety lite for deg, men mykje for andre!
Klem frå
Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar