Somme gongar undrar eg på kvifor me heng oss opp i dei små detaljane, kvifor me vrir og vender på ein liten ting. Irriterar oss over det holet i veggen som treng sparkling eller, me let det at bussen er 10min. sein, øydlegge heile dagen. Eg, gjer det, og du gjer det kanskje du og? Men det er dei små tinga, og du skal få lov til det om du vil, for kanskje er mange små ting, ein stor, og det er heilt greit å vere sur og sint, eller lei og irritert. Men kanskje, somme gonger, kan du ta deg i det og tenke i dag skal ikkje dette få øydelegge for meg. Eg skal ikkje vere sur på alle bussjåførar berre fordi han som var på min buss hadde stått opp med feil fot. Eller fordi kjærasten ikkje såg at eg hadde klyppt håret i går. Fordi det er dei gode dagane du vil hugsa. Og om du legg frå deg eit par irritasjonar i kvardagen, så vert dei gode dagane kanskje litt fleire, eller litt betre?
No gledar eg meg til jul<3 for det betyr FAMILIETID og storesøstera i same land, i same hus og ikkje 40timars reise vekke, det betyr VENER og god mat, og avslapping og fin jobb, julastemmning og julamat og då skal eg ikkje la meg irritere over at det regnar og ikkje snør, eller at det ikkje går ann å få tak i taxi på nyttårsafta. Eg skal nyte livet, for kva meir er det?
![]() |
| Trine, baka familiepeparkaker i til jul i fjor. |


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar