Sider

No har det vore bloggtørke altfor lenge. Så i dag tenkte eg. Eller har tenkt på det fleire gongar i det siste. "Eg bør blogge" for å ta vare på, og tilfredsstille mine 4 trufaste lesarar.Så eg tenker, kva om? Det er ferie og eg jobbar og ser på tv-seriar. Lite nytt. Men jo så kom eg på, då resten av gjengen for på nachspiel på laurdag, gjekk Trine og eg ein liten tur innom Esso. For å handla smågodt gjennom luko. Kosleleg. Etterpå blei me køyrde heim og eg,
Ja.
Hald dykk fast no.
Blogga.
Men eg sovna før det vart posta. Uheldig eller heldig? Det veit ikkje eg, men no har eg retta litt trykkleifar, og her kjem det:

Sundag 12.06.11 kl 0307
Det er så mykje eg kunne ha blogga om. Ei søster som er heime. Ein stifftelse. Ein jobb. ein draum. Eit ønske.
Men i dag skal eg blogge om ei av mine største svakhetar. Eigentleg hadde eg tenkt at bloggen skulle vera positiv. Ein påminnar om alle dei positive tinga eg opplever  i kvardagen. Men i dag skal eg vere litt meir open, og litt meir negativ. Eg skal ikkje starte noko flaum av negative tankar, eller eit rom for å skrive ned plager, irritasjonar og livet frå den mørke sida. Eg vil berre fortelje dykk om dette problemet, som eg har slitt med i så mange år. Og som eg eigentleg trur fleire relaterar seg til.

Når eg får ei meldig på telefonen, kan eg lese den, glede meg over den. Tenke at eg skal svare seinare og så berre aldri gjere det, så alt for ofte. Kva er det? Eg såg jo meldinga. Eg såg det ubesvarte anropet. Eg følte på meg at eg burde svare, men eg gjorde det ikkje, og så vart det liksom for seint.
Er det ein sjukdom?
Det er ikkje berre slik at eg let vere å svare på melding, eller tapte annrop eller mail. Eg kan tilogmed gløyma bursdagar og viktige ting som oppkøyring, eksamenar og operasjonar. Eller eg gløymer det jo ikkje då, men det blir ikkje til at eg sender melding. Skulle ønska det å tenka på kvarandre var nok. For eg tenker på dykk. Veldig ofte!

Så eg trur dette er ei offentleg unskuldning og eit rop om hjelp. Unskuld for at eg gløymer å svara. Eg set pris på livsteikn, sjølv om eg ikkje er så flink å gi tilbake. Kva kan eg gjere for å forbetre meg?

Ps. kom på besøk.<3
Ma-le-na

 

1 kommentar:

Anonym sa...

å herre gude.. Eg trudde da sku komma noko big shit! om da i da heila e ett utrykk. om ikkje bør da bli da!

Vertfall, da der e deg i ett nøtteskall! Å sånn mesteparten av tio så nyte eg da :p

Hilsen ein av dine 4 faste blogglesarar!

T-R-I-N-E