![]() |
| Mamma underheld heile familien med julapresangen ho fekk av Pappa. |
To nyttårsforsett i år. Det er viktig å ikkje vere urealistisk!
1. Eg skal bli flinkare til å halde kontakten med dei som ikkje er rundt meg heile tida. Dei som er langt vekke men betyr mykje. Og som ein utvida versjon av det fortsettet, skal eg prøve å svare på alle meldingar eg får innan 24 timar, ha med mobilen litt oftare og ringa opp igjen viss nokon har ringt.
2. I år skal eg prøve så godt eg kan å gjere enno meir av det eg har lyst å gjere, berre fordi eg har lyst. Så i inspirasjon av Lillebjørn Nilsen: "vi må danse før vi dør og nyte sola før det snør."
Årskavalkade
Januar: Nyttårsafta. Etter ei veldig kosleg feiring tek Onkel Lars Helge ansvar og får onkeljentene heim i god behald. Resten av Januar tilbrakte Razzi og eg i rekvesita rommet ved sida av konsertsalen. Der me skreiv sketsjar og var fortvila over at berre Harald ville koma på revyøving, spiste peparmakrell og drakk pepsi-max medan me tjuvlytta på NM-øvingane til Sagvåg Musikklag.
Februar: For ein fantastisk og innhaldsrik månad. Verdas beste russekull beviste at dei hadde det som skulle til for å laga ei heidundrande revyforestilling. Revysjefane hadde ein million nerver, men ingenting å stressa med. "for me e stordruss tjueti!" To veker etter revyen, kom vinterferien og Trine, Anne og eg reiste til Bremen for å vere saman og vere turistar. <3!
Mars kom og det var ikkje så kult å bli 19 som det var å bli 18. Me måtte bestemma oss for kva framtida skulle bringa og eg valde tilslutt Viken.
![]() |
| Dette biletet er frå 17. Mai, men koslig bilde med instrument=musikk=Viken<3 |
April: påsken kom og pappen tok heile familien med til Thailand. Fantastisk<3
Mai! Russetid! Er det meir å seie? Me stressa med eksamen, arrangerte russekroer, kyssa grisen. Trødde rundt på Tandemen vår Edward og så reiste me til kongeparken! Hurra!
Juni: hovedinstrumenteksamen vart unnagjort og me sa takk og farvel til Stord VGS. Og Musikk og formgjevingsgjengen 07-10, med ein knallkjekk hyttetur i dåfjorden. Godt å vera ferdig men òg veldig trist..
Juli: Jobb, jobb, jobb, jobb. Eg skal ikkje klaga, det er koslig i Studalen 40. Tør skryta på meg at det er ein av dei beste jobbane i verda, eller iallefall på Sumarøya.
![]() |
| Her sit me i sola og spelar memory og et is. Godgjengen<3 |
August: Time to say goodbye. Eg var superklar for å kome meg vekk frå Sumarøya, men det var rart og ganske trist å sei hadebra til alle venner og kjendte. Syns det var ekstra kjipt å sei hade til verdassøtaste som eg fekk vera støttekontakt for i ca 2,5år.
September: Hurra for Viken og bli-kjend-stemmning! Og pappa si femtiårsfeirng med konsertar og hæla i taket!
Oktober: Oppdalstur og god stemmning. Rare samtalar og eit nytt ord på repetoaret: Chill.
November: Livet på Viken rockar berre meir og meir, turnè i Trondheim og Rena helg saman med Maria og Sindre, og så tilbake på Viken kjem Trine på besøk og det vert enno litt kulare<3
Desember: Adventspakkekalender frå både Kleivo-gjengen og Mammo. Nedtelling til ferien. Julastemmning i julete Gjøvik på julete Viken<3
Godt nyttår og tusen takk for at du har vore med å gjort 2010 til det fine året det blei! Takk for det gamle!
Klem
Ma-le-na




4 kommentarer:
Knallkosligt innlegg søs! Håpa 2011 byr på besøk i Aussie:)
Takk! Ja da håpa eg og!! :)
Hei, da er Sunniva <3
Kjempe fin blogg :-)
Så kjekt at du har vore innom Sunniva! Tusen takk:)
Legg inn en kommentar