Eg har verdas beste mamma, tante Reidun og søskenborn Anne, og onkel Terje då! I morgon er det nemleg 1. desember og i dag kunne eg smilande pakka opp to supersøte adventskalenderar. Det er så fint å bli hugsa på.Kvar dag. I heile desember. TUSEN TAKK!
Mamma, eller er det pappa? Eller kanskje begge to, og endo fleir seier ofte: "Det er viktig å ha noko å gle seg til." Og det handlar advent om for meg. Om å gle seg mens ein ventar.
Så nyt ventetida! Å gle seg er ofte like fint å kjenna på som det du ventar på.
God advent!
Klem Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar