I Bergen sukka minibanken tungt, 13,07 NOK, what to do? tenkte eg, papen sit jo heime på Stord å ventar. Eg kunne ikkje anna enn å ringe direktenummeret til bankkongen sjølv. Null problem, han sette stor pris på å få stå opp kl 0700 ein laurdagsmorgon for å trylla litt pengar inn på ein svulten brukskonto.
Heime på øya går livet sin vante gong, utan meg, kven hadde trudd det? Ikkje eg i alle fall, men det var eigentleg ganske fint å oppdaga. Då kunne eg tre rett inn i den gamle kvardagen og den er utruleg fin. Spessielt når den berre er for ei veke. Så i her sit eg, onsdag morgon med to studalenvakter, to korpsøvingar, mange kjende fjes og mykje kos bak meg! I går fekk eg til og med vere med Ragnhild og verdas søtaste på musikkterapi. Og så er det ganske kosleg å henga med familien og då.
Happyface,
heldige Ma-le-na
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar